600 000 frå Norsk kulturråd!
Publisert den 3. okt 2019
I takt med endringane i bokbransjen blir litterære arrangement og ulike formar for møte med publikum ein stadig viktigare del av både forfattarane si yrkesutøving og inntektsgrunnlag. For at forfattarar, litteraturformidlarar og litterære arrangørar skal kunne nyttegjera seg nye næringsmoglegheiter, er det behov for meir profesjonalisering og eit tydelegare bransjenettverk i landsdelen. Vi er difor svært glade og stolte over å få tildelt 600 000 i støtte frå Norsk kulturråd til bransjeutvikling i Midt-Norge!
Pengane kjem frå støtteordninga «Kreativ næring – regional bransjeutvikling» og går til prosjektet LiM – Litteraturformidling som næring i Midt-Norge. Norsk Forfattersentrum Midt-Norge og Litteraturhuset i Trondheim står bak søknaden.
Sentralisering er ei utfordring
Det er truleg lettare å etablere seg som forfattar på ein stad med eit sterkt litterært miljø. Derfor er ei av dei største utfordringane for litteraturfeltet i Midt-Norge sentralisering, både i nasjonal og regional målestokk. Norsk Forfattersentrum har 124 medlemsforfattarar i Midt-Norge. Så mange som 70 medlemmar bur i Trondheim kommune, medan dei 30 medlemmane i Møre og Romsdal bur spreidd i heile fylket. Få midtnorske forfattarar busett utanfor Trondheim har eit litterært miljø på heimplassen sin. Det er difor ekstra viktig å tilby dei eit kollegialt nettverk og følgje opp yrkesmoglegheitene deira regionalt.
Bli betre kjent med kvarandre!
Prosjektet ynskjer å skapa fleire møtepunkt på tvers av fylkesgrensene i Midt-Norge. Det vil styrke næringsgrunnlaget for forfattarar og frilansarar om dei i større grad blir hyra inn på tvers av dei to fylka, i staden for at vi flyg inn nokon frå Oslo. Vi kan ikkje forvente at midtnorske skribentar og institusjonar får nasjonal merksemd om vi ikkje sjølve framhevar våre eigne! Med LiM – Litteraturformidling som næring i Midt-Norge ynskjer vi å knyte forfattarane og arrangørane i regionen nærare kvarandre og sjå på moglegheiter for samarbeid på tvers av fylkesgrensene.
Eit samarbeidsprosjekt
Norsk Forfattersentrum og Litteraturhuset i Trondheim er likeverdige eigarar av prosjektet. Vi gler oss til å samarbeide med blant andre Trøndersk forfattarlag, Møre og Romsdal forfattarlag, NTNU og mange andre i heile landsdelen. Vi vil starte prosjektet med å kartleggje aktørane i litteraturfeltet. Eit del av prosjektet blir å arrangere ulike kurs for forfattarar, litteraturformidlarar og arrangørar. Midlane skal brukast på tiltak i 2019 og 2020.
Kontaktinfo:
Ta gjerne kontakt for meir informasjon!
Trond Åm, dagleg leiar Litteraturhuset i Trondheim, tlf. 94 87 83 08, trond@litteraturhusetitrondheim.no
Guri Sørumgård Botheim, avdelingsleiar Norsk Forfattersentrum Midt-Norge, tlf. 970 31 624, guri@forfattersentrum.no
Pressemelding frå Norsk kulturråd:
https://www.kulturradet.no/kreativ-naering/vis/-/naermere-20-millioner-til-kreativ-naering?