50 år med okkupasjon: Oslo-avtalen – ein okkupasjonsavtale?

50 år med okkupasjon: Oslo-avtalen – ein okkupasjonsavtale?


Omar Dajani - Bassam A. Hussein

Oslo-avtalen er ei pakt mellom Israel og PLO som skulle leggje grunnlaget for eit midlertidig og avgrensa palestinsk sjølvstyre i dei områda av Palestina som Israel okkuperte i seksdagerskrigen i 1967. Oslo-avtalen blei framforhandla i all hemmelegheit utanfor Oslo våren og sommaren i 1993. Avtalen blei reforhandla i 1995, og heiter Oslo II, som deler dei palestinske områda i A- B- og C-soner. A-soner er områder under fullt Palestinsk styre, og utgjorde i 2013 ca 18 % av Vestbreidden. A- B- og C- inndelinga gjorde Vestbreidden om til eit vanskeleg navigerbart lappeteppe, og den opprinnelege avtalen med intensjon om fred har blitt til eit skjellsord på palestinsk folkemunne. Me stiller derfor spørsmålet: Osloavtalen – ein okkupasjonsavtale?

Innleiarar som skal kome med ulike perspektiv på dette er:

Omar Dajani: Jurist og mangeårig Palestina-aktivist. Dajani vil snakke om det juridiske perspektiv på Osloavtalen og okkupasjonen i dag.

Bassam A. Hussein, opprinneleg frå Gaza, førsteamanuensis ved Institutt for produksjons-og kvalitetsteknikk ved NTNU. Kåra til ein av landets beste forelesarar.

Karim Essahli er internasjonal leiar for LO i Trondheim og har bakgrunn frå mange reiser i Midtausten. Han held innlegg om eit historisk perspektiv på sionismen.

Arrangementet er i samarbeid med Litteraturhuset i Trondheim

Dato

14. nov 2017

Tid

19.00 - 21.00

Sted

Litteraturhuset, Sellanraa

Logoene til Litteraturhusets samarbeidspartnere