Alt uavklart? Eit forfattarmøte med Unn Conradi Andersen

Alt uavklart? Eit forfattarmøte med Unn Conradi Andersen


Unn Conradi Andersen - Stine H. Bang Svendsen

Tidlegare journalist og kommentator Unn Conradi Andersen debuterte i haust med romanen «Alt uavklart». Her undersøkjer ho si eiga familiehistorie knytt til NS, men flytter tematikken inn i vår tid.

Romanen handlar om Torunn som er oppteken av å fortelje andre sine historier, samstundes som ho ikkje har språk for sine eigne erfaringar. Da ho startar arbeidet med å skrive om sin eigen families løyndom, blir ho stilt overfor fleire dilemma: Kven eig ei historie? Kva språk kan vi nytte om andre menneske?

I ein intens og utforskande roman undersøker Andersen spørsmål knytta til rase og seksualitet. 

Aftenposten sin meldar konkluderte med at Andersen avdekkar blinde flekkar med stor treffsikkerheit, medan Dagsavisen karakteriserte romanen som ein svært sterk debut og den beste skildringa som er skriven frå eit avismiljø så langt.

På arrangementet vil Andersen lese frå boka, og diskutere bokas kjernetema i dialog med førsteamanuensis Stine H. Bang Svendsen. Dei vil diskutere nazismens betydning for det språket vi nyttar om rasisme i Norge i dag. Kva slags forteljingar stilnar når vi let vere å seie ”rase”?  Kva erfaringar og opplevingar er det vi strevar med å sette ord på, i møte med rasisme?

Inngang: 100/75

Foto av Unn Conradi Andersen: Agnete Brun

Dato

24. apr 2018

Tid

19.00 - 21.00

Sted

Litteraturhuset, Sellanraa

Logoene til Litteraturhusets samarbeidspartnere