Analoge bitcoins: Den ukjende pengehistoria på Svalbard

Analoge bitcoins: Den ukjende pengehistoria på Svalbard


Lars Fredrik Øksendal - Morten Søberg

Kryptovalutaen bitcoin er assosiert med omgrep som “mining” og “proof of work”: Nye bitcoins vert mynta av digitale gruvearbeidarar som konkurrerer om å utføra kryptisk, matematisk arbeid. Og så sanneleg: På Svalbard på 1900-talet utferda amerikanske, britiske, norske, svenske og sovjetiske gruveselskap setel og mynt – lokale valutaer – som hadde eit eintydig forhold til nettopp gruvedrift og arbeid – “real mining” og “proper proof of work” om du vil.

Både bitcoin og Svalbard-pengar er eit utgangspunkt for nye samtalar om kva pengar fyrst og fremst og til sjuande og sist er. Og om korleis pengar skifter med tid og teknologi. Og tema for denne kvelden i ein samtale mellom fyrsteamanuensis, doktor og forfattar Lars Fredrik Øksendal og Morten Søberg frå SpareBank 1 – elles forfattar av boka “Svalbard! Pengar!” (Spartacus forlag, 2022).

Ordstyrar: Gunnar Thorbjørnsen (Adolf Øien 2.0: I si tid var både Søberg og Øksendal elevar ved Adolf Øien skole – og Thorbjørnsen lærar i norsk og samfunnsfag der. No møtast dei atter.)

Stad: Sellanraa
Tidspunkt: 19:30-21:00. Dørene opnar kl. 19.
Inngang: 100/75

Dato

23. nov 2022

Tid

19.30 - 21.00

Sted

Litteraturhuset, Sellanraa

Logoene til Litteraturhusets samarbeidspartnere