Bøker for ungdom – Kari Stai og Erlend Skjetne

Bøker for ungdom – Kari Stai og Erlend Skjetne


Kari Stai - Erlend Skjetne

Nidaros Mållag inviterer til eit møte med to trønderske forfattarar som båe har gjeve ut bøker for ungdom i år. Kari Stai er mest kjend for biletbøkene om Jakob og Neikob, men i år kom boka «Passe Happy», som passar for eldre born. Erlend Skjetne gav i år ut ungdomsboka «Eit anna blikk».

Kari Stai (f.1974) kjem frå Inderøy og er illustratør, biletkunstnar, grafisk designar og barnebokforfattar. Ho har gjeve ut fleire biletbøker, og illustrert bøker for andre. Ho debuterte som forfattar i 2008 og har fått ei rekkje prisar for bøkene sine. Den nye boka «Passe happy» handlar om Juri som er forelska, i tillegg til å ha mange andre kjensler og tankar.

Erlend Skjetne (f.1988) kjem frå Melhus og arbeider med norskopplæring for flyktningar. Han debuterte som forfattar i 2018. «Eit anna blikk» (2021) handlar om asylsøkjaren Anwar som bur på eit flyktningmottak i Nord-Noreg. Det er eit vanskeleg tilvære, med mange spørsmål og få svar. For både «Eit anna blikk» og dei andre bøkene har han fått svært gode kritikkar.

Me gler oss til å møta desse to forfattarane i lag og snakka og spørja om bøkene deira. Korleis skriv ein for ungdom, så ungdom kjenner seg att – og får lyst til å halda fram med å lesa? Kva inspirerte dei? Kva kan vaksne læra av ungdomsbøker? Skjetne og Stai har mange ting sams, ikkje minst det at dei er nynorskskrivande trønderar.

Velkomne skal de vera!

Stad: Sellanraa

Inngang: 100/50

Foto av Stai: Kari Svanberg, foto av Skjetne: Leikny Havik Skjærseth

Dato

8. nov 2021

Tid

19.30 - 21.00

Sted

Litteraturhuset, Sellanraa

Logoene til Litteraturhusets samarbeidspartnere