Boklansering: Martin Ingebrigtsen – Bukk & Sigd

Boklansering: Martin Ingebrigtsen – Bukk & Sigd


Martin Ingebrigtsen - Gunnar Wærness - Bjørn Jansen - Kaisa Aglen - Jordan Sand

Velkommen til boklansering!

Program:
19:30 OpplesingBjørn Jansen
Kaisa Aglen
Jordan Sand20:15 Martin Ingebrigtsen i samtale med Gunnar Wærness

I «Bukk & Sigd» kjem spøkelsa, slik dei ofte gjer, for å trøyste. Men det er vanskeleg å trøyste når ein er skummel. Derfor opptrer dei i form av gløymde venner og søsken. Dei forsøker å vise blaff av kjærleik i det ein hugsar som stygt og forvridd. Slik forvandlar trøysta opplevinga av det som har vore. Desse dikta vandrar i eit mørkt, mytisk og sakna Trondheim. Det er ikkje sikkert dei veit kva dei søker etter, men søke gjer dei likevel.

Martin Ingebrigtsens andre diktbok er ein samtale med dei døde og ei skildring av den tragiske lengten mellom to søsken som berre møter kvarandre i draumane sine.

Stad: Sellanraa
Tidspunkt: 19:30-21:30. Sellanraa held ope til 22.
Gratis inngang. Me ber publikum om å ta ut gratisbillettar via Hoopla.

Foto av Martin Ingebrigtsen: Terje Visnes

Dato

17. apr 2023

Tid

19.30 - 21.30

Sted

Litteraturhuset, Sellanraa

Logoene til Litteraturhusets samarbeidspartnere