Boklansering: «ur mor atter» av Margrethe Aas og «Crossworks» av Arild Vange og Klaus Fröhlich

Boklansering: «ur mor atter» av Margrethe Aas og «Crossworks» av Arild Vange og Klaus Fröhlich


Margrethe Aas - Arild Vange - Klaus Fröhlich - Ine Pollenus - Ellen Lindquist

Velkomen til lanseringsfest for to av seinhaustens nye bøker: ur mor atter av Margrethe Aas og Crossworks av Arild Vange og Klaus Fröhlich!

I diktverket ur mor atter (Tiden) skriv Aas i form av ein mor-barn-relasjon, om det å miste noko som skulle bere, og å stå i den transformasjonen som trer inn idet livet framleis vil vere – og vekse.

Boka Crossworks (Beijing Trondheim) viser fotografi fra Trondheim av den tyske fotografen Klaus Fröhlich, i dialog med tekster av forfattar Arild Vange. Dei to møttes da Fröhlich var gjestekunstnar på Lademoen Kunstnerverksteder i 2016. Felles for dei to er at dei tek i bruk eksisterande element og materialer frå bybildet, men set desse i hop på måtar som ofte gir eit uventa utfall.

Vi inviterer til ein kveld med opplesing, fotoframvising og samtaler. Delar av programmet blir på engelsk.

Vi får også eit musikalsk innslag av Ine Pollenus og Ana Termeulen, med introduksjon av komponist Ellen Lindquist.

Lanseringsfesten skjer i samarbeid mellom Litteraturhuset i Trondheim, Tiden og Beijing Trondheim.

Bildet viser f.v. Arild Vange (foto: Anne-Line Bakken), Margrethe Aas (foto: Vigdis Haugtrø) og Klaus Fröhlich (foto: Ralf Fröhlich).

Stad: Sellanraa
Tidspunkt: 19:30-21:30. Dørene opnar kl. 19.
Inngang: 50,-

OM DELTAKARANE

Margrethe Aas debuterte i 2015 med diktsamlinga Vy. Ho har som poet vore involvert i ei rekke ulike samarbeidsprosjekt inn mot musikk, biletkunst og kunsthandverk. Ho bur på Fosen og arbeider også som arkitekt hos byantikvaren i Trondheim.

Arild Vange er forfatter og oversetter og bur i Trondheim. Han debuterte i 1990 med ein roman og har seinare utgitt sju diktbøker og to tekst-/biletbøker med biletkunstnaren Per Formo. I 2019 mottok han NTNUs litteraturpris for prosaboka «Livet i luftene». Vange har omsett ei rekke tyskspråklege forfattarar til norsk.

Klaus Fröhlich bur i Essen, Tyskland. Han har arbeida som teater-fotograf i Freiburg, Stuttgart, München, Essen, Osnabrück, Oberhausen og Heidelberg og samarbeida med Experimentalstudio des Südwestrundfunks i Freiburg og dansekompaniet CocoonDance i Bonn.

Ine Pollenus (Belgia) og Ana Termeulen (Nederland) bur i Trondheim og arbeider blant anna som musikarar i TSO der dei begge speler fiolin. Dei speler i kveld to verk for fiolin duo, Eos og Gaia, av den Nederlansk-Amerikanske komponisten Ellen Lindquist.

Ellen Lindquist bur på Fosen der ho blant anna driv konsertserien Huskonsertene. I komposisjonane sine utforskar ho stadig nye lydar og møtepunkt inn mot andre skapande uttrykk.

Dato

8. des 2022

Tid

19.30 - 21.30

Sted

Litteraturhuset, Sellanraa

Logoene til Litteraturhusets samarbeidspartnere