Gina Krog – ein framsynt feminist

Gina Krog – ein framsynt feminist


Magnhild Folkvord

Gina Krog (1847-1916) var ei av dei heilt sentrale kvinnesakspionerane frå siste del av 1800-talet. 33 år gammal hadde ho sagt opp lærarjobben for å «ofra seg» for kvinnesaka. Ho var med og stifta Norsk kvinnesaksforening, og starta og redigerte Nylænde, det første kvinnepolitiske tidsskriftet i Noreg frå 1887.

Krog kjempa for kvinners stemmerett og vi finn spor etter ho i Trøndelag: Under kampanjen for stemmerett for kvinner i 1889 var ho på foredragsturné i Trøndelag, og talte for ein fullsett sal med 1100 tilhøyrarar i Trondheim.

Gina Krog hadde eit mål om full kvinnefrigjering, det omfatta økonomisk sjølvstende for kvinner. Ho ønskte samarbeid med arbeidarkvinnene, men det ville ikkje Arbeidarpartiet.

Magnhild Folkvord har nyleg utgjeve sin tredje biografi om viktige kvinnesakskvinner frå feminismens såkalla første bølge i Noreg: «Gina Krog – feminist og tindeklivar».

Få med deg Folkvords foredrag på Litteraturhuset i Trondheim den 6. september.

Stad: Sellanraa
Tidspunkt: 19:30-20:30. Dørene opnar kl. 19.
Inngang: 100/50

Foto: Solum Bokvennen

Dato

6. sep 2022

Tid

19.30 - 20.30

Sted

Litteraturhuset, Sellanraa

Logoene til Litteraturhusets samarbeidspartnere