Jørn Øyrehagen Sunde: Den norske tingtradisjonen gjennom 1000 år

Jørn Øyrehagen Sunde: Den norske tingtradisjonen gjennom 1000 år


Jørn Øyrehagen Sunde

Eidsivating er 1000 år i 2022. Det gjev anledning til både å spørja korleis tinget fungerte i mellomalderen, og til å spørja korleis tingtradisjonen har påverka den norske rettskulturen i dag. Den mellomalderske tingtradisjonen vart gradvis svekka og nedbygd, særleg på 1600- og 1700-talet. Men samstundes vaks det fram ei historisk, juridisk og politisk interesse for tingtradisjonen, som igjen vart kopla til nye tankar om demokrati som prega riksmøtet på Eidsvoll i 1814. Utover på 1800-talet vart tingtradisjonen av nokre henta fram i samband med reformer av rettssystemet, som vart gjennomført i 1887 og 1915. Det er altså ingen direkte lenke mellom tingtradisjonen i mellomalderen og den norske rettskulturen i dag. Men det var vilje til å skapa ein slik samanheng på deler av 1700- og særleg 1800-talet, som gjer at den norske rettskulturen har fått trekk som gjer den annleis enn andre rettskulturar i Europa. Slik vart det politisk skapt ein samanheng mellom den mellomalderske tingtradisjonen og samtida.

Vi har invitert Jørn Øyrehagen Sunde, forfattar av boka Eidsivatinget – Den norske tingtradisjonen gjennom 1000 år, til å snakke om temaet.

Jørn Øyrehagen Sunde er professor i rettshistorie ved Institutt for offentleg rett i Oslo. Han er leiar for forskargruppa for rettskultur og forskningsleiar ved museet Baroniet i Rosendal. Han publiserte Speculum legal og Den juridiske komedien i 2005 og 2007. I tidsrommet 2006 til 2014 har han redigert Rettstekster i mellomalderen, Dekalogen, Rendezvous og European Legal Cultures og Constitutionalism before 1789.

Stad: Kulturtorget, Trondheim folkebibliotek
Tidspunkt: 19:00. Dørene opnar kl. 18:30.
Inngang: 50,-

Dato

22. nov 2022

Tid

19.00 - 20.30

Sted

Trondheim folkebibliotek, Kulturtorget

Logoene til Litteraturhusets samarbeidspartnere