Kjartan Fløgstad: Vest møter Aust, i Norge og i den vide verda
Kjartan Fløgstad - Arve Hjelseth
Kjartan Fløgstad kommer med ny roman i høst. Han kommer til Litteraturhuset i Trondheim for å snakke om romanen og sikkert mye annet med førsteamanuensis Arve Hjelseth fra NTNU.
Inngang: 150/75
Foto: Julie Pike
_____________
Bokomtale:
Aust i Finnmark oktober 1944: Kcenia Nyslåttbuktmo vaskar hjartet til den vesle Pøyken sin med snø, skurar ned heile huset, mjølkar kua. Finnmark brenn. Frå London kjem fabrikkarbeidar og fenrik Olav Sima («Han kan rima!») med oppdrag å avhøyra ein tysk offiser med mykje å lyga om.
Etter freden, midt i Oslo, leverer advokatane skarpskodde skriv om kor lite hopehav det var mellom norske kapitalistar og tyskarane. Pengar luktar ikkje, bortsett frå ein mild eim av cyanid. På Bjølsen aust i Oslo: Den tvangsevakuerte Kcenia står på mjølkebutikken, konstabel Sima patruljerer gatene, studerer juss og held orden i mjølkekøen. Å få orden på Pøyken er ikkje like lett.
Endå mykje lenger aust øver vesle Oksana Starkopf trufast på piano, og arvar eit skrin med eit manuskript i. Etterkrigstida strammar grepet. Olav Sima blir jurist, Pøyken blir verre og verre. Begge tar ofte turen vest, over fjellet, og vidare over Atlanteren, der Sambandsstatane tar imot dei med opne armar. På underjordisk vis er verda kabla saman. Vest møter Aust, i Norge og i den vide verda. Due og drone er forteljinga om dette.
Dato
16. sep 2019
Tid
19.30 - 21.00
Sted
Litteraturhuset, Sellanraa