Kurs: Korleis bli ein betre litteraturformidlar?
Frøydis Flotve
Er du forfattar eller litteraturformidlar og ønskjer å bli tryggare og meir tydeleg i formidlinga di? Bli med på eit inspirerande eindags kurs med sceneinstruktør og produsent Frøydis Flotve!
Fortløpande påmelding fram til 2. januar.
OM KURSET
Kurset gir konkrete tips til formidlingssituasjonen, ut frå dei rammene og ønska du har. Kurset passar for forfattarar, bibliotekarar, museumstilsette og andre litteraturformidlarar. Du får prøve ut og vidareutvikle tankar rundt eiga formidling, samt inspirasjon til nye idear og element. Det blir arbeid både individuelt og i grupper.
OM KURSHALDAREN
Frøydis Flotve er utdanna innan drama og teater, samt spesialpedagogikk og litteraturvitskap frå NTNU. Ho har arbeidd som prosjektleiar og -medarbeidar, og ho har hatt oppdrag som skodespelar og instruktør for teatergrupper, kurs og produksjonar. Flotve bur i Os i Hordaland og arbeider no i sitt eige føretak Teaterfrø, der ho blant anna har utvikla ulike kurs i litteraturformidling.
TID OG STAD
Torsdag 16. januar 2020 kl. 10–17
Trondheim, Scandic Nidelven, Havnegata 1-3
KURSAVGIFT
Maks 14 deltakarar
Ordinær: kr 1000 / Frilansarar og medlemmar i Norsk Forfattersentrum: kr 250
Kaffe, pausemat og nydeleg lunsj kl. 13 er inkludert.
PÅMELDING
Påmeldingsfrist: torsdag 2. januar
Meld deg på gjennom nettskjema her: https://www.forfattersentrum.no/arrangement/korleis-bli-ein-betre-litteraturformidlar/
Arrangør: Litteraturhuset i Trondheim og Norsk Forfattersentrum Midt-Norge.
Støtta av: Norsk kulturråd.
Kurset er ein del av prosjektet LiM – Litteraturformidling som næring i Midt-Norge. Målet med prosjektet er å knyte forfattarar, litteraturformidlarar og arrangørar i regionen tettare til kvarandre og bidra til profesjonalisering.
Dato
16. jan 2020
Tid
10.00 - 17.00
Sted
Scandic Nidelven