Kva er samanhengen mellom levd liv og lyrikk?

Kva er samanhengen mellom levd liv og lyrikk?


Kaisa Aglen - Ellen Løvhaug Harrison - Martin Ingebrigtsen - Anne Dorte Lunås

Anne Dorte Lunås intervjuar tre av Samlagets bokaktuelle poetar, Kaisa Aglen, Ellen Løvhaug Harrison og Martin Ingebrigtsen. Alle tre har skrive bøker som behandlar tema frå deira eige liv. Korleis fungerer denne vekselvirkinga i skriveprosessen? Korleis gjer man om sitt eige liv til poesi? Denne spesialepisoda av Samlagets podkastserie spelast inn føre publikum på Litteraturhuset i Trondheim.

Kaisa Aglen (f. 1985) er frå Volda og er busett i Trondheim, der ho har studert filosofi. Ho debuterte i 2012 med Kvar i kroppen sit ingenting. Hennar andre bok, Mellom krig, blei utgitt i 2016, no er ho aktuell med si tredje diktbok, Eit større regn, som undersøker dei eksistensielle konsekvensane av å leve med sjukdom og skade. Korleis det påverkar synet på verda og ein sjølv, korleis det grip inn i og endrar nære relasjonar, og kor sårbar ein kan vere ovanfor endringar i politikk og samfunn.

Ellen Løvhaug Harrison (f. 1994) er frå Lofoten. Ho er utdanna ved Skrivekunstakademiet og studerer litteraturvitskap i Bergen. Søv berre når du søv er den første boka hennar. I den følgjer vi ei dotter som sit i Noreg og ser på filmopptak av ein far og ei tid i USA ho knapt kan hugse. I heimefilmane ser ho eit skjær av det livet faren såg for seg då mora, storesystera, ho og han var ein familie.

Martin Ingebrigtsen (f. 1984) er frå Trondheim. Han debuterte i 2018 med diktboka riv av seg ansiktet og i 2023 kom andreboka Bukk & Sigd. I den sit ein poet på heimekontoret, omgitt av flytteesker med bøker. Gjennom loftsvindauget har han utsikt over heile Trondheim. Frå dette utkikkspunktet snakkar han med døde barndomsvenner, familiemedlemmer og kunstnarar, i ein samtale som vandrar frå superheltteikneseriar, filmteori og uskuldige piggsvin til oppvekst, tid og økonomi. Heile tida vaker spørsmåla i randsona: Kvifor er eg poet? Kvifor lever eg nett dette livet?

Anne Dorte Lunås er dokumentarskaper og journalist, ho har i mange år vore programleiar i NRK, og er no ansatt i Adresseavisen.

Stad: Sellanraa
Tidspunkt: 19:00-20:30. Sellanraa held ope til 22.
Gratis inngang. Me ber publikum om å ta ut gratisbillettar via Hoopla.

Arrangør: Litteraturhuset i Trondheim og Samlaget

Foto: Terje Visnes/Emma Sukalic/Inngunn Moen

Dato

25. apr 2023

Tid

19.00 - 20.30

Sted

Litteraturhuset, Sellanraa

Logoene til Litteraturhusets samarbeidspartnere