Kyrkjekaffi i Vår Frue kyrkje med samtale om Fyrebilsbibelen
Per Halse - Anders Aschim - Paul Erik Wirgenes - Ragnhild Jepsen
Samtale med professorane Per Halse og Anders Aschim og generalsekretær Paul Erik Wirgenes. Samtalen vert leia av domprost Ragnhild Jepsen.
For 100 år sidan gav Studentmållaget i Oslo ut den fyrste heile bibelomsetjinga på landsmål. Kva er historikken til det arbeidet? Korleis er det å omsetje heilage tekstar, og korleis påverkar bibelen språket i dag? I denne samtalen møter du fleire som har inngåande kjennskap til bibelomsetjing i Noreg både før og no.
Det vert servering av kaffi, te og noko godt attåt.
Arrangementet er eit samarbeid mellom Nynorsk kultursentrum, Nidaros domkirkes menighet, Litteraturhuset i Trondheim, Det Norske Bibelselskap og Nidaros Mållag.
Dato
25. jul 2021
Tid
13.00 - 14.00
Sted
Vår frue kirke