Nye grep om skriveopplæringa. Forskingsfunn og praksiserfaringar

Nye grep om skriveopplæringa. Forskingsfunn og praksiserfaringar


Synnøve Matre - Randi Solheim - Hildegunn Otnes - Kjell Lars Berge - Jon Smidt

Velkommen til digital lansering og samtale om boka «Nye grep om skriveopplæringa», som presenterer interessante og oppsiktsvekkande funn frå det omfattande Normprosjektet.

Gjennom samarbeid med skular og lærarar over heile landet har prosjektet bidratt til at elevar frå 3. til 7. trinn betra skrivekompetansen sin vesentleg, i nokre tilfelle tilsvarande 1 ½ års ekstra opplæring. Erfaringane frå prosjektet viser også korleis lærarar kan auke kompetansen sin om skriving, elevtekstar og læringsstøttande vurdering.

Deltakarar i samtalen er redaktørar og forfattarar av boka:

Synnøve Matre, professor i norskdidaktikk ved Institutt for lærarutdanning, NTNU, og leiar for Normprosjektet.

Randi Solheim, professor i norskdidaktikk ved Institutt for lærarutdanning, NTNU, og nestleiar for Normprosjektet.

Hildegunn Otnes, professor i norskdidaktikk ved Institutt for lærarutdanning, NTNU.

Kjell Lars Berge, professor i tekstvitskap ved Universitetet i Oslo

Samtalen blir leia av Jon Smidt, professor emeritus ved NTNU.

Lars Sigfred Evensen og Ragnar Thygesen er medforfattarar i boka. Besøk denne sida for meir informasjon og utdrag frå boka: https://bit.ly/3qqwgwo.

Samtalen blir strøymd gratis på Facebook 8. april kl. 19.00. Det er dessverre ikkje ope for publikum i salen.

Arrangør: Universitetsforlaget

Dato

8. apr 2021

Tid

19.00 - 19.30

Sted

Digitalt

Logoene til Litteraturhusets samarbeidspartnere