Nynorsk som essayistisk skriftkultur

Nynorsk som essayistisk skriftkultur


Morten Søberg - Sæbjørn Forberg - Trygve Lundemo

Ein samtale om nynorsk skriftkultur mellom Morten Søberg (direktør for samfunnskontakt, SpareBank 1), Sæbjørn Forberg (bonde og filosof) og Trygve Lundemo (journalist i Adresseavisen)

Kva skjer når ein held det nynorske språket opp mot lyset?

I boka «Nynorskens lys. Eit essay» skriv Morten Søberg at den nynorske skriftkulturen innebar ei ny tidsrekning. Han byrja på sett og vis med Ivar Aasens tekst i Morgenbladet 5. januar 1849 – ein samtale mellom to bønder om politikk og statsstyring. I 1894 vedtok Stortinget den fyrste lova på det nye språket: Ho avløyste lokale tider og innførte nasjonal fellestid. I dag er nynorsk eit daglegdags språk, særleg mellom bakkar og berg på Vestlandet. Til liks med andre språk formar det røyndomen. Og omvendt. Men nynorsken kan tenkjast å ha eit særeige vassmerke: eit kvalitetsmerke som vert synleg dersom vi ser føre oss at vi held den nynorske skriftkulturen opp mot lyset. Då vert det klårt som blekk: Nynorsken er ein grunnleggande essayistisk skriftkultur, eit kjettersk skriftspråk tufta på reiser og samtalar, utforskingar og politikk. Slik samsvarer grunndraga ved språket med sjangerkrava til essayet; djupast sett er den nynorske skriftkulturen eit spegelbilete av sakprosasjangeren essay. Det bør òg vera ein del av det nynorske sjølvbiletet. Med andre ord: stadig nye forsøk, heile tida noko uferdig og ope, granskande og spørjande – eit ideal for ei opplyst og demokratisk offentlegheit?

Samtalen blir leidd av Trond Åm, dagleg leiar ved Litteraturhuset i Trondheim.

Inngang: 50,-

Morten Søberg
Foto: Pernille Blåfjell Walvik

Dato

5. nov 2018

Tid

19.05 - 19.44

Sted

Litteraturhuset, Sellanraa

Logoene til Litteraturhusets samarbeidspartnere