Nynorskelskarar, elsk meir!

Nynorskelskarar, elsk meir!


Kari Anne Bye - Per-Esben Myren-Svelstad - Ragnhild Jepsen

Om kjærleik og poesi på valentinsdagen. 💕

Nidaros mållag inviterer til forfattarkveld på Sellanraa der kjærleiken står i sentrum. Vi møter to forfattarar som begge har gjeve ut bøker om den tidlause og alltid lengtande kjærleiken: Kari-Anne Bye som har skrive diktsamlingar om det moderne menneskets lengt og jag etter den perfekte kjærleiken og kva som skjer med oss om vi skulle vere så heldige å finne den. Og Per-Esben Myren-Svelstad som har attdikta nokre av dei eldste kjærleiksdikta vi kjenner frå verdslitteraturen, av den antikke diktaren Sapfo som levde på øya Lesbos på 600-talet f.Kr. «Menneskets hjarte er utforanderleg» sa Sigrid Undset. Litteraturen gjev oss tilgang til måtar å tenke på som vi kan kjenne oss att i uansett kva for tid vi lever i. Og kjærleiken må vel seiast å vere eit evig og utømmeleg tema?

Vi inviterer også publikum til å ta med sine favorittkjærleiksdikt til framføring frå scena – kanskje til og med dedikere dei til nokon i salen som ventar på ei kjærleikserklæring?

Forfattar Kari Anne Bye er frå Trondheim og har gjeve ut to diktbøker om den vanskelege, såre og uoppnåelege kjærleiken. I bøkene «Eg et før eg kjem» og «Eg bur her no» utforskar Bye kva for kultur vi omgjev oss med og kva som driv oss så sterkt mot å finne den store kjærleiken. Dikta handlar om å leite etter den perfekte kjærleiken på Tinder, men også om lengt og einsemd. Er det kanskje slik at ideala i vår tid underkommuniserer våre inste lengslar, sjølv om det også er dei som driv oss mest?

Per-Esben Myren-Svelstad er litteraturvitar ved NTNU. Attdiktinga av Sapfos kjærleiksfragment inngår i «Kanon. Antikkens litteratur på norsk», eit samarbeid mellom NTNU og Gyldendal Norsk Forlag.

Forfattarane vil sjølvsagt også lese nokre av dikta gjennom samtalen som blir leia av Ragnhild Jepsen.

Arrangementet startar kl 19.30 den 14. februar
Inngangspengar: kr 100 (50 for studentar)

Dato

14. feb 2022

Tid

19.30 - 21.30

Sted

Litteraturhuset, Sellanraa

Logoene til Litteraturhusets samarbeidspartnere