Poesiti med Danez Smith

Poesiti med Danez Smith


Danez Smith - Anne Dorthe Lunås

Danez Smith er ein av USAs viktigaste og mest populære unge forfattarar. Hen utmerka seg tidleg som ein talentfull slampoet, og etter kvart kom diktsamlingane [insert] boy (2014) og Don’t call us dead (2017). I norsk samanheng er hen aktuell som bidragsytar i antologien Amerikansk samtidspoesi (Samlaget 2018), der hen er gjendikta av Kristin Fridtun.

Danez Smith er afroamerikanar, skeiv og poz, og skriv poesi som borar seg inn i dei politiske problemstillingane eit slikt utgangspunkt fører med seg. Hen representerer ein poesi som ikkje berre gjev uttrykk for sinne over marginalisering, men også løftar opp og synleggjer eit folk og ein kultur. Opplesingane hens har blitt strømma hundretusenvis av gonger på youtube, og blitt sett av millionar av menneske på TV-program som The Late Show with Stephen Colbert. Det er med andre ord ei poetisk stjerne som kjem til å funkle på Sellanraa!

Poesiti er eit samarbeid mellom Norsk Forfattersentrum, Litteraturhuset i Trondheim og mikroforlaget Beijing Trondheim. Dette arrangementet er i samarbeid med Samlaget.

Arrangementet er støtta av Fritt Ord, Norsk kulturråd, Trondheim kommune og Norsk Forfattersentrums medlemsfond.

Inngang: 100/70

Dato

4. jun 2018

Tid

19.30 - 21.30

Sted

Litteraturhuset, Sellanraa

Logoene til Litteraturhusets samarbeidspartnere