Røysta som ropar i øydemarka – Eit føredrag om Lars Levi Læstadius

Røysta som ropar i øydemarka – Eit føredrag om Lars Levi Læstadius


Erlend Skjetne

Lars Levi Læstadius (1800–1861) blir i stor grad assosiert med den religiøse rørsla han som prest og eldfull forkynnar gav næring til, men han var òg ein allsidig vitskapsmann. I dette føredraget ser Erlend Skjetne nærare på eit usedvanleg menneske og den arven han etterlèt seg, som har hatt stor tyding ikkje minst for kvenar og samar.

Etter føredraget blir det rom for spørsmål og samtale.

Kvelden blir arrangert av Ruijan kväänit Keski-Norja – Norske kvener Midt-Norge som del av kvenske dagar i samband med kvenfolkets dag.

Stad: Sellanraa bok & bar
Tidspunkt: 15. mars, klokka 19.00 til 21.00. Sellanraa held ope til 22.
Billettar: Betal så mykje du ynskjer og kan – 0, 50 eller 100 kroner

Foto: Leikny Havik Skjærseth

Dato

15. mar 2023

Tid

19.00 - 21.00

Sted

Litteraturhuset, Sellanraa

Logoene til Litteraturhusets samarbeidspartnere