Sentralbanksjef Magnus Carlsen?

Sentralbanksjef Magnus Carlsen?


Jan-Frode Janson - Atle Grønn - Margrethe C. Stang - Morten Søberg

Kan ein verdsmeister i sjakk bli ein framifrå sentralbanksjef? Magnus Carlsen er fremst blant likemenn når det gjeld strategisk og taktisk tenking – og evne til å ta risiko – ved sjakkbrettet. Kva slags overføringsverdi til bank, finans og økonomisk politikk meir generelt har meisterleg dugleik i sjakk?

Dessutan: Bør ikkje sjakk ideelt sett spelast med Lewis-brikker? Dei brikkene vart funne på Hebridane tidleg på 1830-talet, er utstilte hos British Museum i London og går for å vera dei mest estetiske sjakkbrikkene verda har sett. Dei vart etter alle solemerke laga i Trondheim i det 12. hundreåret; eit noko nær historisk faktum som fortener meir merksemd …

Kom, sjå og høyr ein samtale om sjakk, finans, økonomisk politikk og skir estetikk. Med i samtalen er:

Jan-Frode Janson (konsernsjef i SpareBank 1 SMN)
Atle Grønn (internasjonal meister i sjakk, NRK-ekspert og professor i russisk ved UiO)
Margrethe C. Stang (fyrsteamanuensis ved Institutt for kunst- og medievitskap, NTNU)
Morten Søberg (direktør for samfunnskontakt, SpareBank 1)

Ordstyrar for samtalen er Morten Søberg.

Inngang: 50,-

Få antal plassar på grunn av smittevernhensyn. Vi ber dei som ønsker plass på arrangementet om å kjøpe billettar på førehand.

Les om Litteraturhusets rutinar for godt smittevern her: https://litteraturhusetitrondheim.no/info-vedr…/

Foto: Wikimedia Commons/CC BY-SA 4.0, https://commons.wikimedia.org/w/index.php?curid=83115737

Dato

27. okt 2020

Tid

19.30 - 21.00

Sted

Litteraturhuset, Sellanraa

Logoene til Litteraturhusets samarbeidspartnere