Tarjei Vesaas 125 år og “ein film for øyrene”

Tarjei Vesaas 125 år og “ein film for øyrene”


Øystein Vesaas

I år er det 125 år sidan Tarjei Vesaas blei fødd og vi markerer dette med ei sjeldan, nær oppleving. Velkomen til “ein film for øyrene”.

Hesten frå Hogget er ei novelle av Tarjei Vesaas. Det er tidleg i desember, og me er i eit bygdelandskap for godt og vel 100 år sidan. To tenåringsgutar, Jon frå garden Hogget og kameraten Nils, er sendt opp på fjellet med hest og slede for å hente heim høy frå ei sommarløe.

Tarjei Vesaas les sjølv i eit arkivopptak frå 1954. Lyddesignar og barnebarn Øystein Vesaas har utvida lydbiletet og skapt ei unik lytteoppleving. Øystein vil også fortelje om arbeidet før og etter lydverket.

Stad: Cinemateket Trondheim, Olavshallen (Kjøpmannsgata 48)
Tid: 17. desember kl. 13-14
Inngang: 150/100

Øystein Vesaas (fødd 1963) er barnebarn av Tarjei og Halldis Moren Vesaas. Han har delvis vakse opp i Vinje på garden Midtbø, der forfattarparet budde og arbeidde. Etter å ha vore musikar i yngre år, har han sidan 1997  drive lydstudioet Lydkjøkkenet i Oslo og på Jeløya i Moss. I tillegg til musikkproduksjon er radiodokumentar eit viktig felt. I 2016 vann Guri Skeie Gundersen og Øystein Vesaas førstepris i Radio Prix Italia for ein musikkdokumentar om sibirsk strupesong. Han har nyleg stått bak  ein sesong med Tomm Kristiansens Afrikanske forteljingar hjå NRK.

Tarjei Vesaas (1897–1970) er ein av dei viktigaste forfattarane i Norden, og blei i 1964 den første norske forfattaren som fekk Nordisk råds litteraturpris. Forfattarskapen til Tarjei er tydeleg representert ved det nye Vinjesenteret for dikting og journalistikk, som Nynorsk kultursentrum  opna i Vinje i Telemark i august 2021. Nynorsk kultursentrum har med støtte frå Kulturrådet, Vinje kommune og Bergesenstiftelsen markert jubileumsåret ved fleire høve i 2022.

Arrangementet er eit samarbeid mellom Litteraturhuset i Trondheim, Cinemateket og Nynorsk kultursentrum.

Biletet viser Øystein Vesaas. Foto: Kai Hansen

Dato

17. des 2022

Tid

13.00 - 14.00

Sted

Cinemateket

Logoene til Litteraturhusets samarbeidspartnere