Teknikken i lyrikken: Sapfo frå gamalgresk til moderne norsk
Per Esben Myren-Svelstad
Korleis kan ein overføre gamalgreske dikt til norsk? Per Esben Myren-Svelstad står bak den fyrste komplette gjendiktinga av fragmenta etter Sapfo (600-talet f.Kr.), ein av dei tidlegaste lyrikarane vi kjenner til. I dette føredraget fortel han om korleis det er mogleg å få det norske språket til å gjera noko det aldri var meint å gjera: føye seg etter versemål, klangar og mytiske element i gamalgresk lyrikk. Slik vil han gje innblikk i tannhjula som knirkar og går under gjendiktingar av framandspråklege tekster til norsk.
I foredragsserien «30 minutter med …» får akademikarar, forskarar og formidlarar 30 minutt til å presentere eit tema som dei brenn for innanfor eige forskings- eller interessefelt.
Per Esben Myren-Svelstad er førsteamanuensis i norskdidaktikk ved Institutt for lærarutdanning.
Den 22. mars kl 19:00 gjestar han Litteraturhuset i Trondheim.
Inngang: 50 /gratis for studenter ved NTNU
Sted: Magistratsalen, Trondheim folkebibliotek
Føredraget vil også sendast digitalt.
Dato
22. mar 2021
Tid
19.00 - 19.30
Sted
Trondheim folkebibliotek, Magistratsalen