Frukostseminar om språkval i akademia

Frukostseminar om språkval i akademia


Gunnar Bovim - Johann Roppen - Åse Wetås - Marita Kristiansen

Språkrådet inviterer til frukostseminar om språkval i akademia, med lansering av «Vegvisar for språkval i universitets- og høgskulesektoren». Arrangementet er støtta av Fritt Ord.

På frukostseminaret ønskjer Språkrådet å vise kva for språkval som blir gjorde ved universiteta og høgskulane, og korleis institusjonane balanserer mellom internasjonalisering og behova til det norske samfunnet. Kva for språklege utfordringar står universitet og høgskular overfor, og korleis kan desse utfordringane møtast?

Fleire spørsmål blir òg drøfta på seminaret:

• Har utdanningsinstitusjonane funne oppskrifta på ein språkleg balansegang mellom norsk og engelsk?
• Ligg norsk fagspråk på sotteseng, og er engelsk i ferd med å ta over på universitet og høgskular?
• Blir studentane flinke nok i norsk fagspråk til å kommunisere klårt og presist i eit norskspråkleg arbeidsliv og til å delta i den norske ålmenta når dei er ferdige med studia?
• Korleis kan universiteta og høgskulane lære av kvarandre og samarbeide for å sikre gode språkval?

Rektor Gunnar Bovim ved Noregs teknisk-naturvitskaplege universitet og rektor Johann Roppen ved Høgskulen i Volda kjem med innlegg om språkpolitikk og språklege utfordringar ved sine institusjonar.

Direktør Åse Wetås i Språkrådet innleier om kva norsk fagspråk betyr for norsk samfunnsliv.

I tillegg lanserer seniorrådgjevar Marita Kristiansen Språkrådets «Vegvisar for språkval i universitets- og høgskulesektoren». Vegvisaren inneheld praktiske råd til institusjonane om korleis ein kan balansere bruken av engelsk og norsk i akademia.

Frukostseminaret blir avrunda med eit ordskifte mellom innleggshaldarane.

Det blir servert kaffi, te og rundstykke frå kl. 09.00.

Gratis inngang. Påmeldingsfrist: 1. mai

Påmelding: https://response.questback.com/sprkrdet/urcgvis4he

Dato

3. mai 2018

Tid

9.30 - 10.45

Sted

Litteraturhuset, Sellanraa

Logoene til Litteraturhusets samarbeidspartnere