Hvorfor er vi så stressa?

Hvorfor er vi så stressa?


Anne Gunn Halvorsen

Anne Gunn Halvorsen, forfattaren av den kritikarroste boka Livet og korleis leve det, har prøvd å finne ut kva som gjer at vi kavar oss opp, blir stressa og utbrente. Kvifor blir folk så slitne, og kven sin feil er det eigentleg?

Forfattaren dreg ut på ei journalistisk reise i det norske stresset og kjem attende med ei rekkje gode tips og observasjonar om tida vi lever i.

Det handlar om sjukepleiaren som slutta i protest mot systemet, om superlæraren som svikta fordi han ville få til alt. Det handlar om vår indre, strenge stemme og kor den kjem frå. Det handlar om meditasjon og det moglege behovet for ein stor revolusjon. For nokre kan det hjelpe å dusje etter jobb og flytte mobilen ut av soverommet. For andre skal det meir til.

Stress og korleis leve med det er ei konkret handbok i stressmeistring og eit underhaldande augeblikksbilete av tida vi lever i. I foredraget fortel ho om det viktigste ho lærte i jakta på stress, og gir nokre enkle forslag til korleis ein kan leve betre med stress.

Om forfattaren:
Anne Gunn Halvorsen (f. 1984) kjem frå Vikedal i Rogaland, men bur no i Oslo. Ho har arbeidd som journalist i 15 år, mellom anna i Dagbladet og Dagens Næringsliv.”

Inngang: 50,-

Sakprosafestivalen arrangeres av Litteraturhuset i Trondheim på vegne av Norsk faglitterær forfatter- og oversetterforening (NFFO). Med støtte fra: NFFO, Fritt Ord, Trondheim Kommune, Trøndelag fylke og Kulturrådet.

Dato

2. nov 2019

Tid

19.00 - 19.45

Sted

Trondheim folkebibliotek, Kulturtorget

Logoene til Litteraturhusets samarbeidspartnere