Kaldestad
Gyrid Nordal Kaldestad
Gyrid Nordal Kaldestad sine tekstar og melodiar er skjøre og stillferdige, noko trioen prøver å formidle gjennom eit ope og lyttande samspel.
Utøvarane har med sine ulike musikalske utgangspunkt funne saman i eit lydlandskap der ein kan høyre spor av både folkemusikk og samtidsmusikk. Trioen debuterer no med plata Stille, stille, som er spela inn live i Tøyen kyrkje i Oslo. Plata er miksa og mastra av musikaren Stian Westerhus og blir gitt ut av selskapet Atterklang. Musikarane har alle lang erfaring med å spele konsertar i intime format der dei kjem tett på publikum!
Anne Hytta (hardingfele) er ein av Noregs leiande og mest ettertrakta hardingfelespelarar. Arbeidet hennar er forankra i den svært karakteristiske stilen til dei tradisjonelle hardingfeleslåttane, men ho har dei siste åra utvikla ein særeigen spelstil som komponist og utøvar gjennom soloprosjektet Draumsyn og ensembla TOKSO og Slagr, sistnemde vann Spelemannsprisen i open klasse i 2015.
Are Lothe Kolbeinsen (gitar/preparert gitar) har bakgrunn frå jazz- og improvisasjonsmusikk, og er ein av våre mest spanande gitaristar med sin særeigne spelestil. Are har dei siste åra arbeida mykje med utvida teknikkar på gitaren, det vil seie å spele på den på utradisjonelt vis- med bruk av boge, melkeskummar, ulike typar preparering osb. Han har dei siste åra turnert mykje i inn- og utland med trioen Parallax.
Gyrid Nordal Kaldestad (stemme, tekst/komposisjonar, div. instrument) arbeider som utøvar og komponist med særskilt fokus på lyd og bearbeiding av lyd. Ho har komponert musikk for store scenekunstproduksjonar, laga lydinstallasjoner, verk for instrument ho bygger sjølv og har fått musikken sin framført i fleire land. Tenkemåten frå lydarbeidet hennar i studio har ho tatt
med seg inn i det akustiske uttrykket til trioen.
Sted: Litteraturhuset, Sellanraa
Inngang: 150 (ordinær)/100 (student) (inkl. avgift)
Dato
5. nov 2016
Tid
20.00 - 21.30
Sted
Litteraturhuset, Sellanraa