Sara Olivia Berntsen, Samlaget
Då Trondhjem angreip demokratiet. Illustrert foredrag om Nidaros-striden og språkkonfliktar verda rundt
Litteratur | Kunnskap

Då Trondhjem angreip demokratiet. Illustrert foredrag om Nidaros-striden og språkkonfliktar verda rundt

Torsdag 15. august 1929 legg kystruta frå Bergen til kai på Brattøra. Om bord er stortingsrepresentant Knut Markhus med familie. På land ventar 150 rasande trøndarar. For dei er Markhus mannen bak forslaget om at Trondhjem skal skifte namn til Nidaros. No kjem han til byen for å ta over som skuledirektør. Kvar fjerde politimann må rykke ut før familien kjem seg i hus på Strinda. Der blir dei trakasserte og angripne døgnet rundt ei heil veke av folk væpna med skjellsord, stokkar og steinar. Og det held fram. Ingen folkevald i Noreg er blitt meir offentleg trakassert enn Knut Markhus.

I den kritikarroste boka Farlege språk på Dreyers forlag fortel Ottar Grepstad heile historia om Nidaros-striden 1928–31. På Litteraturhuset avslører han jamvel meir enn det som står i boka.

Farlege språk er ei historisk lesebok om korleis språkkonfliktar oppstår, kor farlege dei kan vere, og korleis dei kan løysast. Grepstad har oppsøkt åstader både i Bangladesh, Sør-Afrika, England og Danmark, han har snakka med augevitne og tidsvitne, og han har lese bortgøymde dokument på ny. I dette illustrerte foredraget viser Ottar Grepstad korleis retten til å bruke eige språk handlar om makt, demokrati og respekt for mindretal.

Om arrangementet:
Foredraget vert skipa til av Nidaros Mållag på Sellanraa den 2. mai 2024 klokka 19.30. Inngang kr 100.

Om forfattaren:
Ottar Grepstad (fødd 1953) har frå debuten i 1974 skrive eller redigert over 60 bøker om historie og politikk, retorikk og skriftkultur.

Dato

2. mai 2024

Tid

19:30 - 21:00

Pris

Kr100

Deltakere

Ottar Grepstad

Arrangør

Nidaros Mållag