Litteratur | Samtale
Gunnhild Øyehaug om kjærleik og overgangsalder
Gunnhild Øyehaug har med «Her kjem sola» skrive ein morosam og på same tid alvorsprega roman om kjærleik og overgangsalder. Den 6. november gjestar ho Litteraturhuset i Trondheim for å fortelle om boka.
Den 49 år gamle forfattaren Helga Mork har slått seg til ro med å leve resten av livet aleine, men så forelskar ho seg i ein gift mann og verkelegheita blir (bokstaveleg talt) snudd på hovudet. Med «Her kjem sola» har Gunnhild Øyehaug skrive ein morosam, og på same tid alvorsprega, roman om å ikkje kjenne seg igjen i omverdas forventningar i det ein når ein viss alder. Boka rommar nydelege skildringar av forelskingas oppturar og nedturar – for ikkje å gløyme dei mindre flatterande kroppslege understraumane … Øyehaug har gjennom åra etablert seg med ein særeigen, finspissa skrivestil og i «Her kjem sola» kjem vi igjen i kontakt med dette «typisk øyehuagske» i foreininga av fantastisk historieforteljing og litterær teft.
Den 6. november gjestar Øyehaug Litteraturhuset i Trondheim i samtale med Anne Sigrid Refsum
Gunnhild Øyehaug er oppvaksen i Ørsta og busett i Bergen. Ho debuterte i 1998 med ei diktsamling, og har sidan skrive novellesamlingar, romanar og essaysamlingar. Øyehaug er omsett til fleire språk og blir skildra med store ord både i Noreg og i utlandet. I 2018 vart den amerikanske utgåva av romanen Vente, blinke nominert til National Book Award, ein av dei mest prestisjetunge litterære prisane i USA.
Anne Sigrid Refsum har PhD i nordisk litteraturvitenskap og er for tiden frittgående forsker og formidler om folk og fortellinger.
Dato
6. nov 2024
Tid
19:00 - 20:30
Pris
Kr150 / Kr100
Deltakere
Gunnhild Øyehaug - Anne Sigrid Refsum
Arrangør
Litteraturhuset i Trondheim