Jon Fredrik Skauge: Dei tapte tinga… Og det som står att
Litteratur | Kunnskap | Bokslipp

Jon Fredrik Skauge: Dei tapte tinga… Og det som står att

Då tjuvar tok seg inn på Fannremsgarden i Orkdal var det ikkje berre eit lovbrott. Det var óg eit brott mot husfreden og mot Jon Fredrik Skauge si sjelefred.

I vekene etter innbrotet brukte han mykje tid på å rydde opp i kvart rom, i kvart skap og i kvar skuffe. Han måtte finne ut kva som var borte. I denne prosessen byrja han å skrive ned historiene til tinga.

No er nokre av desse epistlane samla i boka Dei tapte tinga. Den kan inspirere oss til å sette meir pris på dei eldre gjenstandane som me har rundt oss.

Me møter Jon Fredrik Skauge i samtale med Daniel Johansen. Dei vil snakke om bakgrunnen for og innhaldet i boka «Dei tapte tinga».

Jon Fredrik Skauge (f. 1978) er historikar, bunadstilverkar, kulturformidlar og bonde frå Orkland i Trøndelag fylke. I 2019 fekk han Trøndelag fylkeskommunes kulturpris.

Daniel Johansen er førsteamanuensis ved NTNU. Han har PhD i kunsthistorie frå NTNU og underviser i arkitekturhistorie.

Portrettfoto: Geir Mogen

 

 

 

Dato

3. mai 2024

Tid

19:00 - 20:30

Pris

*Gratis

Deltakere

Jon Fredrik Skauge - Daniel Johansen

Arrangør

Litteraturhuset i Trondheim

* Arrangementet er gratis, men av plasshensyn må dere reservere plass.