Bent R. Synnevåg
Olaug Nilssen: Kva skal ein ofre for eit barn?
Litteratur | Samtale

Olaug Nilssen: Kva skal ein ofre for eit barn?

Inngår i serien «Livets skjørhet»

Møt Olaug Nilssen i samtale med forfattar Ingrid Storholmen!

Samtalen tar utgangspunkt i den nye boka til Olaug Nilssen, Uønska åtferd. Her møter vi Katrine, som er gift er gift med Gunnar, saman har dei barna Jostein og Janne. Sonen er psykisk utviklingshemma, og familielivet er fullstendig
dominert av omsorgsbehovet hans. Dottera er oversett, men også
utsett då Jostein kjem i puberteten og utagerer seksuelt.
Boka viser fram kor krevjande det er for ein familie å ta vare
på alle når ein har eit barn som treng alt. I kampen for sonen er
Katrine i ferd med å miste alt, ekteskapet, forholdet til dottera, men
også seg sjølv.

Olaug Nilssen (f. 1977) fekk sitt store gjennombrot med Få meg på,
for faen i 2005.  Sidan den gong har ho skrive bøker i ulike sjangrar og markert seg som ei
særmerkt og viktig stemme i norsk litteratur. I romanen Tung tids
tale, som ho fekk Brageprisen for, fortel ho med ei uvanleg openheit
om det å vere mor til eit sterkt funksjonshemma barn. I 2020 gav ho
ut romanen Yt etter evne, få etter behov, der ho vidareførte
tematikken frå Tung tids tale.
I 2021 fekk Nilssen Fritt Ords pris saman med Bjørn Hatterud og Jan
Grue. Prisen fekk dei for deira sterke kritiske bidrag til å belyse
situasjonen og ytringskulturen for funksjonshemma i Noreg.

Ingrid Storholmen (f.1976) er forfattar og litteraturkritikar. Ho debuterte som lyrikar i 2001 med diktsamlinga Krypskyttarloven og fekk stor merksemd både for denne og for si andre samling Skamtalen. Graceland (2005). Sidan har ho gitt ut fleire diktsamlingar og romanar. Støvberar (2020) er Storholmen sin nyaste roman.

«Livets skjørhet»

Bak alt det vi baler med, ligger noen store spørsmål som hefter ved selve tilværelsen, og som er felles for alle mennesker. Vi er skjøre skapninger, kastet ut i livet uten å ha bedt om det, overlatt til oss selv i en vanskelig verden. Filosofene snakker om «livets grunnvilkår»: sårbarhet, smerte, ensomhet, avhengighet og dødelighet. Det mangler ikke på temaer som belyser dette, verken i kunsten, medieverdenen eller hverdagen, det være seg sorg, skjebne, mening, håp, ansvar, kjærlighet, tilgivelse, forsoning. I denne serien prøver vi å trenge ned i noen av disse temaene, slik at vi kan kjenne dem igjen hos oss selv og dele tankene med andre.

Flere arrangementer i denne serien

Dato

30. okt 2023

Tid

19:00 - 21:00

Pris

Kr150 / Kr100

Deltakere

Olaug Nilssen - Ingrid Storholmen

Arrangør

Litteraturhuset i Trondheim