Aschehoug og Leikny Havik Skjærseth/Flamme forlag.
Vi feirer Jul i Trøndelag 2024!
Litteratur | Bokslipp

Vi feirer Jul i Trøndelag 2024!

«Det kanskje fineste juleheftet er lokalt». Da Ole Jacob Hoel i Adresseavisa vurderte julehefta i 2023, gjekk han for eit lokalt hefte: «Jeg ville gått for Jul i Trøndelag, som er blitt revitalisert de siste årene, en fin nedtonet trykksak med bidrag fra mange etablerte og nyere kulturstemmer»

No er ei ny utgåve av det tradisjonsrike Jul i Trøndelag i sal, og det er verdt ei feiring! Redaktør Espen Tørset fortel om årets utgåve og vi får besøk av to årets bidragsytarar: Arild Bye og Erlend Skjetne.
I 2024 er det 100 år sidan Kristofer Uppdal (1878-1961) gav ut siste band av ti-bandsverket Dansen gjennom skuggeheimen. Arild Bye, som har skrive biografien om Kristofer Uppdal, vil fortelje om diktaren frå Beitstad og Dansen gjennom skuggeheimen 100 år.
Sidan debuten med diktsamlinga Skare i 2019 kan Erlend Skjetne frå Melhus sjå tilbake på eit produktivt forfattarskap. Han har gitt ut tre diktsamlingar og romanar for ungdom og vaksne. I 2024 fekk han Trønderlagets målpris for bøkene han har skrive. Det er ei stor glede at han kjem til litteraturhuset for å lese dikt for oss.

Dato

11. des 2024

Tid

19:00 - 20:30

Pris

*Gratis

Deltakere

Espen Tørset - Erlend Skjetne - Arild Bye

Arrangør

Trønderlaget av Noregs Mållag

* Arrangementet er gratis, men av plasshensyn må dere reservere plass.