Prisutdeling: NTNU litteraturpris sakprosa 2024 – Basta 2024
NTNU deler årleg ut ein litteraturpris for å synleggjere og utvikle litterær verksemd knytt til Trøndelag. NTNUs litteraturpris på kr 20 000 går til eit norskspråkleg verk av ein nolevande forfattar med tilknyting til regionen, og vekselvis til skjønns- og faglitteratur. I 2024 er det sakprosa som står for tur.
De nominerte til årets pris er:
- “Fakkelen er tent! Den norske billigbokrevolusjonen 1961-1985” av Tor Eystein Øverås
- “Ingen skal få se at jeg gråter” av Geir Svardal
- “Kunsten å drepe et demokrati – historien om Bolsonaros Brasil” av Torkjell Leira
- “Maskiner som tenker – algoritmenes hemmeligheter og veien til kunstig intelligens” av Inga Strümke
- “Moria – 2015-2022, på innsiden av Europas største flyktningleir” av Guro Kulset Merakerås og Katrin Glatz Brubakk
Det er fem sterke kandidatar som står på kortlista for den gjeve tildelinga av NTNUs årlege litteraturpris. I år går prisen til eit faglitterært verk, og vinnaren blir offentleggjort 16. november under Basta – Sakprosafestivalen i Trondheim.
Juryleder Karolina Drozdowska og jurymedlem Siri Aurland Bredesen presenterer de nominerte.
Anne Kristine Børresen, dekan ved Det humanistiske fakultetet, deler ut prisen.
Arrangementet er gratis og opent for alle.