Skriveopplæringa – viktigare enn nokon gong?

Språkrådet og Instituttet for lærarutdanning (ILU) ved NTNU inviterer til frukostmøte med lansering og debatt. Vi har laga ei kartlegging av norsklærarens kompetansar, roller og ansvar, og vi vil presentere kunnskap om skriveopplæringa i skulen, som bør få konsekvensar for grunnutdanninga til lærarstudentane.

I debatten vil vi diskutere følgjande:
-Korleis kan vi utdanne trygge skrivarar og språkbrukarar?
-Kva skjer med skriveopplæringa i den digitale tidsalderen, og kva kompetanse treng lærarane i framtida?

Program- og debattleiar for arrangementet er NRK-journalist Hilde Zahl.

Program


8.00–8.30 Mingling og frukostmat

8.30–8.35 Velkomen ved programleiar, Hilde Zahl

8.35–8.40 Språk i skulen ved Åse Wetås, direktør i Språkrådet

8.45–9.00 Norskfaget og potensialet i språk- og skriveopplæringa, ved Randi Solheim, professor i norskdidaktikk ved ILU, NTNU og Marte Helland Fiskvik, stipendiat i norskdidaktikk ved ILU, NTNU

9.00-9.30.1 Debatt: Skriving som grunnleggjande ferdigheit

Korleis kan vi utdanne trygge skrivarar og språkbrukarar?
Kva skjer med skriveopplæringa i den digitale tidsalderen, og kva kompetanse treng lærarane i framtida?

I debatten deltek Åse Wetås, direktør i Språkrådet, Randi Solheim, professor i norskdidaktikk ved ILU, NTNU, Elise Farstad Djupedal, stipendiat i pedagogikk ved ILU, NTN og Mia Mjølhus, tillitsvald i Utdanningsforbundet i Trondheim og norsklærar ved Sverresborg skole.

Debattleiar: Hilde Zahl

Arrangementet er gratis. Vi ber publikum om å ta ut gratisbilletter i Hoopla.

Stad: Sellanraa
Tidspunkt: 4. juni kl. 08

Arrangementet blir også strøymt:
https://www.youtube.com/channel/UCVmxF8GhCHQioZz_NEf0Lbw/live

Foto av Wetås: Moment Studio, foto av Zahl: NRK, foto av Solheim: NTNU

 

Gå til arrangementet dette innholdet er hentet fra.

Alle podkaster og strømminger