AVLYST! Boklansering: Kari Stai – Er det sant at

AVLYST! Boklansering: Kari Stai – Er det sant at


Kari Stai

DETTE ARRANGEMENTET ER DESSVERRE AVLYST!

Kari Stai er tilbake med ei ny bildebok for barn: «Er det sant at»!

Rakel er ei sprudlande jente som elskar å utfalde seg i klasserommet.
Men kva skal dei gjere i dag?
Vi skal lage farsdagskort, seier vikarlæraren.
Da rømmer Rakel under pulten.

Men sit det ikkje ein til under pulten sin?
Er det Mikal, den nye guten?
Vil ikkje han skrive farsdagskort heller?
Og kva er det med vikarlæraren, som plutseleg verkar så redd?

«Er det sant at» handlar om å bere på historier. Det er ei forteljing om fedrar, sakn og kjærleik. Kan nye vennskap vekse fram om ein deler løyndommar med kvarandre?

Litteraturhuset i Trondheim og Trondheim folkebibliotek er stolte over å ønskje velkomen til boklansering med Kari Stai og hennar nye bok. Forfattaren les og fortel frå den ferske boka og etterpå vil det bli mogleg å kjøpe boka. Kanskje kan du òg få Kari Stai til å skrive i ho?

Arrangementet er gratis, men for å sikre seg plass må ein ta ut gratis billett via Hoopla.

Stad: Barneavdelinga, Trondheim folkebibliotek
Tidspunkt: 12:00-13:00

Foto av Kari Stai: Kari Svanberg

Dato

29. apr 2023

Tid

12.00 - 13.00

Sted

Trondheim folkebibliotek, barneavdelinga

Logoene til Litteraturhusets samarbeidspartnere