Boklansering: Stine Fuglaas Bonsaksen – habituell abort

Boklansering: Stine Fuglaas Bonsaksen – habituell abort


Stine Fuglaas Bonsaksen - Håvard J. Nilsen

Debutant Stine Fuglaas Bonsaksen har skrive ei opprivande, sjølvbiografisk diktsamling om spontanabort. 7. februar inviterer vi til lansering av boka på Litteraturhuset.

eg trudde ein positiv test var bevis på liv
det stemmer ikkje
som lyset frå stjernene brukar teikna tid på å nå oss
utviklinga kan allereie ha stoppa
hcg i kroppen som stjernestøv
som Schrödingers katt er du både død og levande
eg står heilt stille
livredd for å opne boksen

For eget i denne diktsamlinga er det ikkje noko problem å bli gravid – utfordringa er å halde på barnet. For barnet blir verkeleg, nesten med det same eget ser dei to strekane på
graviditetstesten. Eit liv og ei framtid ho mister gong etter gong. Kvifor er det så vanskeleg å bli mor når det er så lett å bli gravid? For eget er det blodig alvor, kvart liv som ikkje blir. For helsevesenet er det daglegdags. For lesaren er det eit viktig innblikk i ein situasjon mange kvinner står i, men som enda fleire veit lite eller ingenting om.

Vi møter Stine Fuglaas Bonsaksen i samtale med forfattar Håvard J. Nilsen.

Stine Fuglaas Bonsaksen (f. 1987) kjem frå Sunnylven på Sunnmøre. Ho er stipendiat ved NTNU, der ho held på med ein doktorgrad i historie. Habituell abort er den første boka hennar.

Stad: Sellanraa
Tidspunkt: 19.30-21.00
Inngang: 100/50

Foto: Geir Mogen

 

Dato

7. feb 2022

Tid

19.30 - 21.00

Sted

Litteraturhuset, Sellanraa

Logoene til Litteraturhusets samarbeidspartnere