Forfattarbesøk: Jan Inge Sørbø

Forfattarbesøk: Jan Inge Sørbø


Jan Inge Sørbø

Nidaros mållag og Litteraturhuset i Trondheim inviterer til forfattarbesøk, laurdag 3. november. Då kjem professor Jan Inge Sørbø til Litteraturhuset for å snakke om boka si, Nynorsk litteraturhistorie.

Dette er eit storslått verk som trekkjer linjer frå Aasen si tid og fram til i dag, som syner korleis forfattarar har stilt seg til si eiga samtid gjennom historia.

Sørbø er professor ved Høgskulen i Volda, og skriv til vanleg i avisa Dag og Tid.

Arrangementet har inngang fra Hovedbiblioteket, Kongens gate.

Inngang: 100,-
Medlemmar i mållaget kjem inn gratis, med atterhald om ledige billettar.

Dato

3. nov 2018

Tid

16.00 - 17.00

Sted

Trondheim folkebibliotek, Rådhussalen

Logoene til Litteraturhusets samarbeidspartnere