Jon Severud: Europearen Vinje

Jon Severud: Europearen Vinje


Jon Severud

I anledning 200-årsjubileet for Aasmund Olavsson Vinje, har vi invitert forfattar Jon Severud, som har skrive fleire Vinjerelevante bøker, til Litteraturhuset i Trondheim.

I 2010, til 150-årsjubileet for Vinjes legendariske reise til kongekroninga i Trondheim i 1860, har Jon Severud i detalj gått opp spora etter «Dølen» og kommentert alle dei fysiske, geografiske, skriftlege og kulturhistoriske krokvegane «Dølen» var innom. Han lærte seg engelsk i Vågå året etter, og drog så til dei britiske øyene for å skriva om det fremste industrilandet i verda. Severud arbeider framleis med Vinje, og utgav i 2018 den sterkt Vinjeinspirerte Apologi for tvisynet. Ein artikkel om Bretland og Britarne ligg på heimesidene til Vinjesenteret, og ein artikkel om tvisynet vart publisert i Syn og Segn i vinter. For tida arbeider han på eit større manus om europearen Vinje, som etter planen skal vera ferdig til neste Vinjejubileum i 2020.

Jon Severud (1951) er lektor, forfattar og skoleaktivist. Han har tidlegare gitt ut fleire bøker, blant anna dei Vinjerelevante bøkene «Ferdaminne etter A. O. Vinje. Ei gjenreise» (2010) og «Apologi for tvisynet og tolv andre forsvarstalar» (2018).

Inngang: 100/75

 

Dato

1. nov 2018

Tid

19.00 - 21.00

Sted

Litteraturhuset, Sellanraa

Logoene til Litteraturhusets samarbeidspartnere