Kari Stai: Jakob og Neikob og Alle andre

Kari Stai: Jakob og Neikob og Alle andre


Kari Stai

Radarparet til Kari Stai fyller 10 år og feirer med ei splitter ny bok!

Den femte boka om Jakob og Neikob er ei underfundig forteljing om å vere seg sjølv og setje pris på at me alle er ulike. Me følgjer radarparet i jakta etter Alle andre.

– Neikob, er du lei deg?
– NEI, eg er lei MEG, svarer Neikob. – Eg vil bli som Alle Andre.
– Veit du kven Alle Andre er, da? spør Jakob.
– NEI. Blir du med og finn han?
– JA, svarer Jakob.

Jakob og Neikob leitar etter Alle Andre på bussen, i havet og i verdsrommet. Til slutt finn dei han på planeten Uno. Der er det også ei klonemaskin. Kanskje Neikob faktisk kan bli heilt lik Alle Andre?

Litteraturhuset i Trondheim er stolte over å ønskje velkomen til arrangement med Kari Stai og hennar nye bok. Forfattaren les frå den ferske boka og etterpå vil det bli mogleg å kjøpe boka. Kanskje kan du òg få Kari Stai til å skrive i ho?

Arrangementet er gratis, men for å sikre seg plass må ein ta ut gratis billett via Hoopla.

Dato

20. okt 2018

Tid

12.00 - 13.00

Sted

Trondheim folkebibliotek, Barneavdelinga

Logoene til Litteraturhusets samarbeidspartnere