Arnhild Skre om Hulda Garborg
Arnhild Skre
Arnhild Skre: «Mod Solen”
Hulda Garborgs vitalistiske forfattarskap.
Hulda Garborg (1862-1934) grunnla Det Norske Teatret, starta bunadsrørsla og fann opp folkeviseleiken. Sjølv rekna ho seg likevel mest som forfattar. Gjennom meir enn førti bøker skreiv ho seg frå debutverk fulle av dystre, pessimistiske skildringar til ein siste fase i forfattarskapen der naturen, den friske lufta og framfor alt sola gjev mennesket styrke og livsomveltande handlekraft. Denne siste fasen er tema for historikaren og biografen Arnhild Skres foredrag om Hulda Garborg-bøkene i Litteraturhusets bibliotek.
Arnhild Skre er norsk journalist og forfattar. Ho har solid røynsle som kulturjournalist gjennom meir enn tretti år i NRK, Dag og Tid og Aftenposten. Ho har doktorgrad i historie og har skrive kritikarroste biografiar om Theodor Kittelsen, Ragnhild Jølsen og Hulda Garborg. I 2011 fekk Arnhild Skre Brageprisen for biografien Hulda Garborg. Nasjonal Strateg.
Dette er et foredrag i foredragsserien «Fra det første biblioteket».
Se hele programmet for serien her.
Serien er støttet av Bokåret 2019.
Inngang: 100/50
Foto: A. Moen/Nasjonalbiblioteket
Dato
4. mar 2019
Tid
19.00 - 20.30
Sted
Litteraturhuset, Sellanraa