NATO 70 år. Militærpolitikk, atomvåpen og norsk USA-servilitet

NATO 70 år. Militærpolitikk, atomvåpen og norsk USA-servilitet


Jon Hellesnes - Kjartan Fløgstad

Innleiing/samtale ved professor Jon Hellesnes og forfattar Kjartan Fløgstad.

Jon Hellesnes, forfattar og professor emeritus i filosofi ved Universitetet i Tromsø har nyleg gitt ut boka «NATO-KOMPLEKSET: Om militærpolitikk, atomvåpen og norsk USA servilitet». Han har fått litteratur- og formidlingsprisar og er æresdoktor ved Universitetet i Bergen. Jon Hellesnes er ein markant og nynorskskrivande filosof og essayist, som ved sida av Hans Skjervheim skal ha mykje av æra for at filosofi (og historie) er eit universitetsfag der nynorsk er mykje brukt. Med kronikkane og artiklane sine i dagspressa har Hellesnes i mange år vore ei forløysande kontrær røyst i den offentlige samtalen.

Kjartan Fløgstad, forfattar og skribent. Tre av bøkene frå dei seinare åra, Grense Jakobselv, Nordaustpassasjen. Magdalenafjorden, handlar om den andre verdskrigen i Nord-Noreg og i Tyskland, med kritikk av militærvesenet. Om trilogien har Fløgstad sagt i eit intervju:  «- Som så mange andre trodde jeg at det var pøbelen som var ansvarlig for nazismen, men det var folk med embetseksamen som utformet retningslinjene for Holocaust». Romanane er historieskriving på høgt plan, meiner historikar Harald Berntsen. Fløgstad har fått ei lang rekkje litterære heidersteikn: Nordisk råds litteraturpris, Nynorsk litteraturpris, Brageprisen, Gyldendalprisen, m.fl.

Arrangementet har inngang fra hovedbiblioteket, Kongens gate fra kl. 18.

Inngang: 50,-

Arrangør: Ingen amerikansk base på Værnes

Foto: Jon Hellesnes/ Jarle Vines (Creative Commons Attribution Sharealike 3.0)”

Dato

4. apr 2019

Tid

18.30 - 20.30

Sted

Trondheim folkebibliotek, Rådhussalen

Logoene til Litteraturhusets samarbeidspartnere