Ola Borten Moe og Morten Søberg: Oljepengar og politikk

Ola Borten Moe og Morten Søberg: Oljepengar og politikk


Ola Borten Moe, Morten Søberg, Rolf Jarle Brøske

Korleis kan vi binda oss til masta på eit vis som sikrar berekraftig bruk av oljepengar gjennom tida?

Ola Borten Moe (OKEA og 1. nestleiar i Senterpartiet) samtalar med Morten Søberg (direktør for samfunnskontakt i SpareBank 1; tidlegare statssekretær i Finansdepartementet) om oljepengar og Grunnlova, om grunnlovfesting av både Oljefondet og reglar for bruk av oljepengar.

Utgangspunktet for samtalen er Søberg si bok «Ekofisk, Eidsvoll. Eit essay om oljepengar og Grunnlova» – ein tekst om petroleum og statsstyring, den fyrste amerikanske finansministeren Alexander Hamilton, det gløymde Statens reservefond, Odyssevskvædet av Homer, historia om forfattaren sin tyske stamfar og ein familieformue som gjekk tapt. Essayet munnar ut i ferdaminne frå øya St. Croix i Karibia – og utkast til alternative, konstitusjonelle handlingsreglar for oljepengebruk.

Dørene opnar kl. 1800. Samtalen byrjar kl. 1814 på Kulturtorget.
Ordstyrar: Rolf Jarle Brøske, konserndirektør i SpareBank 1 SMN

Dato

22. mar 2017

Tid

18.14 - 19.05

Sted

Kulturtorget, Trondheim folkebibliotek

Logoene til Litteraturhusets samarbeidspartnere