Dikt av Fatemeh Ekhtesari

Publisert den 20. mar 2018

Litteratur for inkludering har satt feminisme som sitt hovedtema for mars måned. Fatemeh Ekhtesari er en iransk poet og aktivist. Hun ble i 2015 dømt til 99 piskeslag og en fengselsstraff på elleve og et halvt år for å ha håndhilst på en person av det motsatte kjønn. 6. mars var Fatemeh Ekhtesari en av deltakerne under arrangementet "Poesi og dagens feminisme." Hun var også en av deltakerne under arrangementet "Kjønn og feminisme i persisk litteratur" 9. mars. 7. mars gjestet hun Trondheim Katedralskole, hvor hun snakket om poesi og feminisme for elever ved skolen.

I det første rommet i verda, var vi

varme av fukt som i ei vagina.

Leppene inn mot halsen.

Ved senga vår eit tent stearinlys.

Lukta av sveitte, lyden av stønn;

kroppen var det einaste språket,

det første menneskelege

skriket frå deg.

I det andre rommet i verda

slåst vi med setningar

forma av blod;

orda hagla som steinar mellom oss.

Du stod i ein krok lik eit kaldt våpen,

meir sorgfull enn meg.

Eit ord  hadde sett seg fast i halsen,

hiksta dine, sårare enn mine.

I det tredje rommet i verda

står ein koffert ved sidan av ei dør.

Vi finst ikkje lenger; alt som hender

er likegyldige hendingar.

Eg er i fengsel og tankane mine roterer

lik fengselsvifta rundt deg.

Du, ein einvegsbilett til …

Setet ditt er kanskje ved sidan av vindauge.

«Vi» er ein illusjon som er blitt verande igjen

i ein krok i det siste rommet.

«Vi» er ein halvrøykt sigarett etter sex,

to heilt usannsynlege bokstavar.

«V» og «i»; vidareføringa av verda,

er no berre fire tomme rom

«V» og «i»; to utviska minne,

Heile verda: fire tomme rom.

Diktet er oversatt til norsk av Anne Karin Torheim.