Dikt av Mehdi Mousavi

Publisert den 20. mar 2018

Litteratur for inkludering har satt feminisme som sitt hovedtema for mars måned. Mehdi Mousavi er en anerkjent dikter fra Iran. Han er en del av den litterære bevegelsen "Postmoderne Ghazal", som regnes som den mest radikale poetiske bevegelsen i det moderne Iran. 9. mars var Mehdi Mousavi en av deltakerne under arrangementet "kjønn og feminisme i persisk litteratur", hvor han leste egne dikt og snakket om feminisme og kjønn i persisk litteratur.

Nr. 1

Tre arbeidarar la ut på ein tur midt i diktet:

Ein av dei studerte gata og gret.

Ein av dei ba den gamle kjerra om å stoppe!

Ein av dei uttalte stilt namnet på ein som er borte.

Tre arbeidarar la ut på ein tur midt i diktet:

Ein av dei vart til eit fotografi i svarte hender.

Ein av dei tok kofferten og gjekk ut i vegen.

Ein av dei tenkte på si kone på fødeklinikken.

Tre arbeidarar la ut på ein tur midt i diktet:

Ein av dei såg ein politimann inn i auga.

Ein av dei tok tilflukt i eit fuktig lommetørkle.

Ein av dei førte si kone fram for sjefen!

Tre arbeidarar la ut på ein tur midt i diktet:

Ein av dei drakk seg full fordi han sakna litt lykke.

Ein av dei lét seg søkke inn i ei gudegitt sorg.

Ein av dei vart knyttneven som løfter seg for fridom.

Tre arbeidarar la ut på ein tur midt i diktet:

Ein av dei dro til ei verd av draumar og bøker.

Ein av dei dro til ei jente og sov.

Ein av dei dro til gata som venta på svar.

Tre arbeiderar la ut på ein tur midt i diktet:

Ein av dei vart drepen på det første torget.

Ein av dei vart drepen på det andre torget.

Ein av dei vart drepen på det tredje torget.

Nr. 2

På flukt frå “alltid” til “aldri” –

nervene mine slitne til trevlar..

En ulv er ute etter saueflokken,

men slaktaren står der med opne armar.

Den aller mest sexy, sorgfulle songen

i uregjerlege minne om skjørt …

Spør draumane: kvifor deg?

Spør grensene: kvifor meg?

Eg er den som blir ofra for eit utradert nummer.

Kva var brotsverket? Han ville ha eit svar,

ein sliten sau som berre ville synge

ein song om kjærleiken sin

Eg er varm som det siste kysset

sjølv om eg må klare meg utan sol.

Namnet på pilla har ingenting å seie,

eg får ikkje sove på mange år.

Set meg i fengsel der kysset har sin ende,

døm meg til å vere der på livstid,

eg blir rømd av meg sjølv.

Send meg over nattegrensa.

Ein ulv er ute etter saueflokken,

men slaktaren står der med opne armar.

Ingenting var viktig i denne kjærleiken,

ingenting var viktig i denne søvnen.

Send meg over nattegrensa

til ein stad uten fengsel og lenker.

Det var ein gong ein sau som etter deg

ikkje lenger ville vere en sau.