Erlend Skjetne: Boklansering og Nygard-fest
Litteratur | Bokslipp | Samtale

Erlend Skjetne: Boklansering og Nygard-fest

I februar er det hundre år sidan den store lyrikaren Olav Nygard døydde. I si nye bok "Liv, eg har drukke" har Erlend Skjetne skrive dikt med utgangspunkt i sin eigen kjærleik til Nygards lyrikk. Den 16. februar kan Litteraturhuset by på ein kombinasjon av boklansering og Nygard-fest.

Program:
-Arild Vange og Margrethe Aas les dikt av Olav Nygard.
-Halldis Flakne spelar norsk klavermusikk av ypparste merke.
-Siri Aurland Bredesen samtalar med Erlend Skjetne om Nygard og den nye
boka.
-Boksal og generell hygge.

Alle er hjarteleg velkomne. Arrangementet er gratis, men av plassomsyn ber me publikum om å ta ut gratisbillettar.

Biletet viser: Siri Aurland Bredesen (foto: Lillian Hjellum), Erlend Skjetne (foto: Leikny Haavik Skjærseth), Arild Vange (foto: Anne Lise Bakken), Margrethe Aas (foto: Vigdis Haugtrø), Halldis Flakne (foto: privat) og Olav Nygard (foto: ukjent)

Dato

16. feb 2024

Tid

19:00 - 21:00

Pris

*Gratis

Deltakere

Erlend Skjetne - Arild Vange - Margrethe Aas - Halldis Flakne - Siri Aurland Bredesen

Arrangør

Litteraturhuset i Trondheim

* Arrangementet er gratis, men av plasshensyn må dere reservere plass.