Per Finne, Tore Zakariassen og Samlaget
Fosse for dumskallar – med Linda Eide og Sjur Hjeltnes
Litteratur | Forestilling

Fosse for dumskallar – med Linda Eide og Sjur Hjeltnes

Velkomne til ei forestilling som skal gjere deg kjend med forfattaren og nobelprisvinnaren Jon Fosse! Kven er han, kva skriv han, korleis skriv han, og kva var det som skjedde då mannen som aldri skulle skrive for teater, over natta vart ein verdsberømt dramatikar? 

Her gir Linda Eide og Sjur Hjeltnes eit sjov med forteljinger, anekdotar og underhaldande analysar av Jon Fosse, mannen og diktinga. Og vi får svar på om Fosse verkeleg er så vanskeleg tilgjengeleg som folk skal ha det til?
 
Linda Eide har jobba som journalist og programleiar i NRK i over tre tiår. Ho har mottatt ei rekke prisar for formidlinga si. Eide har òg skrive bøker og teaterframsyninger, og framfører sjølv det ho skriv. Sidan 2017 har ho fronta programmet Eides språksjov, og gjort språkopplæring til laurdagsunderhalding på NRK1.

Sjur Hjeltnes er pianist, komponist og komikar og fast kapellmeister i Eides språksjov på NRK.

Dato

27. jan 2024

Tid

18:00 - 20:00

Pris

Kr250 / Kr200

Deltakere

Linda Eide - Sjur Hjeltnes

Arrangør

Litteraturhuset i Trondheim