Ruija forlag - Yngve Olsen Sæbbe - Leikny Havik Skjærseth
Irene Larsen: Vind seglet, min styrmann
Litteratur | Samtale

Irene Larsen: Vind seglet, min styrmann

I hausten 2026 kom Irene Larsen si diktsamling “Vind seglet, min styrmann” ut, denne kvelden kan du møte forfattaren og redaktøren av boka, Erlend Skjetne, i samtale om dikta.

Diktsamlinga Vind seglet, min styrmann er ei rik og mangfaldig bok frå vår nordlege kyst. Tittelen er lånt frå Petter Dass. Det har byrja å lukte svidd kjøt av topografiskildringane hans frå 1600-talet, og hovudpersonen i dikta halar og dreg i samiske og kvenske røter, noko det blir både knutar og kveiler av. Ho prøver òg å finne ut korleis ein nær relasjon kan overleve isolasjon i ein seglbåt til havs. På særeige vis heng alt dette saman.

Irene Larsen er ein sjøsamisk og kvensk forfattar busett i Tromsø. Diktsamlinga “Vind seglet, min styrmann” er den sjette utgjevinga hennar.

Erlend Skjetne er forfattar frå Trondheim og skriv både bøker for ungdom og vaksne. Hausten 2025 gav han ut romanen “Svart skissebok”, med handling frå Trondheim. Hans fjerde diktsamling, “Råemne”, blei utgjeven i 2026.

Dato

Lørdag 9. jan 2027

Tid

19:00 - 20:30

Pris

Kr50

Deltakere

Irene Larsen - Erlend Skjetne

Arrangører

Litteraturhuset i Trondheim
Ruijan kväänit Keski-Norja/Norske kvener Midt-Norge
Mun Dajan, Foreninga samiske forfattere