Hans Jørgen Brun
Landslova 750 år! med Jørn Øyrehagen Sunde
Litteratur | Kunnskap

Landslova 750 år! med Jørn Øyrehagen Sunde

I år har landslova 750-årsjubileum.

Lagabøtes landslov frå 1274 var den første fungerande riksdekkjande lov i Europa. Ho verka i Noreg gjennom 400 år, og innførte prinsippet om likskap for lova og sikra vanlege folk ei stemme i styre og stell. På den måten la lova eit grunnlag for det moderne demokrati og tillitsbaserte samfunn som me har i Noreg i dag.

I 2023 gav professor Jørn Øyrehagen Sunde ut boka «Konge, lova, landet». Litteraturhuset i Trondheim har invitert Jørn Øyrehagen Sunde til å halde eit foredrag om Kong Magnus Lagabøter, om landslova frå 1274 og det Noreg ho skapte.

Foredraget er ein del av Nasjonaljubileet 2023 – Noreg i tusen år, og blir arrangert i samarbeid mellom Litteraturhuset i Trondheim og Nidaros Bispedømmeråd.

 

Logoen for den norske krig.

Dato

9. apr 2024

Tid

19:00 - 20:30

Pris

Kr150 / Kr100

Deltakere

Jørn Øyrehagen Sunde

Arrangører

Litteraturhuset i Trondheim
Nidaros Bispedømmeråd