Litteratur | Bokslipp
Lansering: Tidsskriftet Beijing Trondheim #13 – Heim
Velkomen til lanseringa av årets nummer av Tidsskriftet Beijing Trondheim!
Når tidsskriftet no tel ulukkestalet tretten i talet går vi inn i ei tid for krise og undergong, kor den største trugselen er mot jorda sjølv, mot heimen vår. Årets utgåve har fått temaet heim, og i den klanggrunnen tek vi òg med oss økologi og økonomi, termar som stammar frå det greske oikos, ordet for heim eller hus. I dette nummeret har vi ønska å vise fram ulike fasettar av heim, som synleggjer for oss at jorda er ein heimstad på same måte som dei fire veggane i våre respektive hus og hytter.
Kvelden byr som alltid på opplesingar frå årets utgåve, samt ein litterær samtale kring heimstadsfølelse og forflytning. Arrangementet er gratis og opent for alle, så ta gjerne med deg ein litteraturinteressert ven. Årets nummer, samt tidlegare utgåver av magasinet, vil vere til sals.
Vi gler oss til å sjå dykk der!
—
Beijing Trondheim er eit småforlag og tidsskrift med tilhald i Trondheim. Ordet «beijing» betyr direkte omsett frå kinesisk «nordleg hovudstad», og vart på gamle kinesiske kart brukt som namn på Trondheim. Ved å ta dette namnet i bruk, ønsker Beijing Trondheim å sette Trondheim på kartet som ein viktig by for kunst og kultur. Namnet reflekterer, i tillegg til den lokale forankringa, ei vilje til å sjå utover landegrensene mot den internasjonale litteraturen.
Redaksjonen for BJT#13 består av: Benedikte Fiskergaard Ytterli (redaktør), Nora Lerkerød Alnes, Anne Lovise Finnøy, Stefan V. Hagen, Nora Berg Markussen, Kristin Eline Røvik Marthinsen og Eirik S. Røkkum. Redaksjonelt råd: Ingeborg Lilje Riis Amundsen, Siri Aurland Bredesen. Magasinkunstnar: Siri Frøystein. Design: Johannes Barlaup Jellum.
Tidsskriftet har mottatt støtte frå Trondheim kommune, Kulturrådet og Norsk Forfattersentrums medlemsfond.
Dato
Torsdag 11. jun 2026
Tid
19:00 - 21:00
Sted
Sellanraa
Pris
*Gratis
Deltakere
Anna Kristina Knudsen - Eirik S. Røkkum - Ellen Foros - Elise Ain Adamsrød - Magnhild Lunde Sandbakken - Judith Longoria Gomez - Dag T. Straumsvåg - Siri Aurland Bredesen - Benedikte Fiskergaard Ytterli
Arrangør
Tidsskriftet Beijing Trondheim
* Arrangementet er gratis, men av plasshensyn må dere reservere plass.
