Litteratur | Bokslipp | Samtale
Vi feirer ei ny utgåve av Jul i Trøndelag!
I 2025 er det 90 år sidan det første Jul i Trøndelag kom ut. Med eit ferskt julehefte i bladhylla ønskjer vi å feire oss sjølv, saman med lesarane våre!
Redaktør Espen Tørset fortel om årets utgåve, og vi får besøk av fleire av bidragsytarane.
Kari Anne Bye frå Trondheim er lyrikar som har fått mykje ros for bøkene sine. I Jul i Trøndelag viser ho ei anna side av forfattarskapen sin, med den elleville teksten «Godt nytt år! (Trur eg…)». På Litteraturhuset vil ho fortelje om sitt problematiske forhold til nyttårsfeiringa.
Det blir ein kveld som vil by på overraskingar, opplesingar og allsong frå den nynorske songskatten. 90 år med Jul i Trøndelag er verdt å feire!
Dato
Torsdag 13. nov 2025
Tid
19:00 - 21:00
Sted
Sellanraa
Pris
*Gratis
Deltakere
Espen Tørset - Kari Anne Bye
Arrangør
Trønderlaget av Noregs Mållag
* Arrangementet er gratis, men av plasshensyn må dere reservere plass.
