Boklansering: Kari Anne Bye – Eg bur her no

Trondheimsforfattar Kari Anne Bye brakdebuterte i fjor med diktsamlinga «Eg et før eg kjem», og vi er meir enn klare for oppfølgaren «Eg bur her no» som blir lansert i august.

I «Eg bur her no» treffer ei kvinne i trettiåra ein mann på Tinder og tar steget inn i eit forhold. Mannen er bra på så mange vis, men korleis kan ho vite at ho har funne den rette? Ho har sett kjærleiken døy før, og blir redd. Skal det vere dei to resten av livet? Heldigvis treng dei ikkje flytte saman med ein gong, eller, det vil seie, ikkje før leilegheita hennar flaumar over av vatn, og det gjer ho naturlegvis.

«Eg bur her no» er ei bok om kjærleik og tvil, om kor vanskeleg det kan vere å ta imot det gode, enda kor mykje ein har ønska seg det.

Vi feirer utgivinga med opplesning og samtale med Siri Aurland Bredesen.

Inngang: 50,-

Stad: Rådhussalen, Trondheim folkebibliotek

Merk at det er få tilgjengelege plassar på grunn av smittevernomsyn. Vi ber publikum om å kjøpe billettar på førehand.

Foto: Geir Mogen

Gå til arrangementet dette innholdet er hentet fra.

Alle podkaster og strømminger